Män som hatar kvinnor

Film · 2009 · · 9. oktober 2009
4/5

Eg har lese boka, så det å forhalde seg til filmen skulle bli interessant. Men så gjekk det utan problem, noko som i og for seg var det eg håp. Filmen kutta ut ein haug med detaljar som er essensielle i boka, men det kjem han til gode, for det blir ein film til det fulle framfor ein film for adapsjonen sin del.

Forskjellane undervegs er nok til å gjere det friskt, og til at eg aldri blir sittande å tenke at boka var betre. Ein svensk thriller på sitt beste er resultatet, med rom for innleving og nakkereisande reaksjonar.

Män som hatar kvinnor 2009 plakat - Filmdagbok