Man Stroke Woman

Serie · 2005–2007 · · 20. mars 2010
4/5

Man Stroke Woman er to sesongar med britisk sketsjhumor frå eit koppel på seks kjente komikarar. Blant andre Nick Frost og Ben Crompton.

Serien har mange gode innslag, og sjølv om eg ofte er litt kresen med tanke på program som baserer seg på sketsjar, og ofte tykkjer dei britiske er noko spesielle, så likar eg dette.

Det er sjølvsagt nokon kjedelege innslag her og der. Eg er kanskje litt raus med rangeringa av serien, men eg meinar det veg opp for at tida totalt sett gir ein del god latter.

Kva meir er det å seie om eit sketsjprogram? Det er ingen poeng i å oppsummere handling, anna enn å seie at dette er ein serie som prøver å gjere poeng ut av normale situasjonar og vanlege reaksjonar.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Man Stroke Woman 2005-2007 plakat - Filmdagbok