Management

Film · 2008 · · 16. september 2009
4/5

Management vekslar mellom å vere blant dei flottare romantiske komediane og gjennomsnittlege komiske romansane.

Steve Zahn spelar ein fyr som får fram ei vond kjensle inni deg på grunn av hans manglande sans for grenser, men med dette som utgangspunkt er vegen til å bli ein vaksen og forståeleg person lengre.

Ein stødig progresjon over ein og ein halv time gjer at Management trass i fleire innspel av dårleg komedie blir meir enn den føreseielege romansen, sjølv om han er føreseieleg. Management er verken perfekt eller altfor original, men det er kjemi mellom Steve Zahn og Jennifer Aniston som gjer den romantiske komedien ekstra fin.

Management 2008 plakat - Filmdagbok