Manhattan

Serie / 2014–2015
3/5

I serien Manhattan held me oss til ein militærleir under andre verdskrig. Topp hemmeleg forsking går føre seg der, i form av hovudsakleg to fraksjonar som skal realisere ideen om å skape ei atombombe.

Tida er knapp, for tyskarane prøver det same, og liv går tapt kvart minutt. Eksterne faktorar er ikkje dei einaste, det skjer viktige interne konfliktar i leiren som betyr mykje for serien.

Manhattan tar ei interessant historie og lager ein serie ut av det. Dette betyr at enkelte ting blir litt vel dryge, mens andre deler er fint å gå i djupna på. Serien er langt ifrå perfekt, iallfall første sesong som er den eg har fått sett hittil. Men det er godt nok til å bli underhalding verdt tida, sjølv om det i blant er på grensa.

Det tar ei stund å bygge opp nok grunnlag til å gjere det heile spennande, i tillegg til den innleiande interessa. Først i andre sesong aner eg i løpet av forteljinga at me nærmar oss noko. Dette var berre eit håp i starten, for med nokon seriar veit du aldri om det berre er vegen og ikkje målet som blir presentert. Manhattan har heldigvis ein akseptabel slutt.

Manhattan 2014-2015 plakat - Filmdagbok

Publisert

18. juli 2016 av

Merkelapp

WGN America

Skapar

Sam Shaw

Skodespelarar

Rachel Brosnahan, Michael Chernus, Christopher Denham, Katja Herbers, John Benjamin Hickey, Harry Lloyd, Olivia Williams, Ashley Zukerman, Dylan B. Warren, Alan Humphrey

Sjangrar

Drama, Historie, Krig

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Manhattan