Manhattan Murder Mystery

Film · 1993 · · 12. januar 2007
4/5

Like før jul hadde eg ein svært kort Woody Allen-periode, der eg fekk sett eit par av dei gode filmane han lagde på 1980-talet. I dag var det duka for tidleg 1990-talet, med Woody Allen sjølv i hovudrolla, saman med Diane Keaton. Dei spelar eit ektepar som er igjen åleine etter sonen har flytta ut, og som lev eit rimeleg vanleg liv.

Tydeleg på jakt etter spenning i kvardagen får Carol (Diane Keaton), etter kvinna i naboleilegheita dør av hjarteproblem, ein ide om at det ikkje var av naturlege årsaker.

Manhattan Murder Mystery følger den heller klumsete private etterforskinga som ekteparet Carol og Larry (Woody Allen) gjer med venner. Larry er den skeptiske, sofaglade personen som ufrivillig blir trekt inn i Carol si entusiastiske jakt på bevis for å nagle mannen til den avlidne.

Dette er kanskje den beste komiske filmen av Woody Allen eg har sett på ei stund, og det er slag på slag med gode kommentarar. Sjølvsagt inneheld filmen også diskusjonar omkring det kriminelle som har skjedd, der kvar karakter får komme med sine meiningar til motivet. Slikt går filmen ei meir svingete rute, på ein positiv måte framfor ei rett fram historie.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Manhattan Murder Mystery 1993 plakat - Filmdagbok