Mannequin

Film · 1987 · · 14. juli 2014
2/5

Sex and the City-skodespelaren Kim Cattrall spelar Emmy, inkarnasjonen av ei to tusen år gammal egyptisk kvinne i kroppen på ein mannkeng. Andrew McCarthy spelar Jonathan, som på eit nattskift på kjøpesenteret blir han som Emmy viser sitt levande seg til.

Emmy hjelper Jonathan med å dekorere utstillingsvindauge, og det blir ein suksess. Men ikkje alle er glad for suksessen, for det rivaliserande kjøpesenteret har planta ein person for å sabotere arbeidsplassen til Jonathan.

Mannequin er ein film med mykje oppstyr, men med ei lite substansiell handling. Verkemiddel som musikk kombinert med rask forflytting framover i tid, monteringssekvensar og stadig komedie bygd på kryssklipping er i hovudsak heile filmen. Eller i det minste verkar det slik.

Det er dermed ikkje slik at Mannequin nødvendigvis er dårleg, men han manglar det gode. Med unntak av eit par stunder der det er så altfor opplagt at filmen rører seg sakte mot det opplagte, så går det heilt greitt.

James Spader spelar Richards, rivalen til Jonathan. I det som er ein av dei verste rollene eg har sett James Spader i. Det er nok ein kombinasjon av manus og regi som er årsaka, for heller ingen av dei rollene er spesielt overbevisande.

Like greit å styre unna denne.

IMDb-logo
Mannequin 1987 plakat - Filmdagbok