Margot at the Wedding

Film · 2007 · · 8. mai 2008
3/5

Etter å ha blitt kjent med Noam Baumbach som filmskapar gjennom The Squid and the Whale tilbake i 2006 var det knytt forventingar til den nye filmen hans. No når han kjem på kino her i landet gjer eg det som eg hoppa over i februar og skriv litt om han.

I hovudrolla som Margot har me Nicole Kidman. I starten av filmen kjem ho til huset på øya der søstera held til med den noko spesielle ektemannen sin. Han er spelt av Jack Black.

Søstra (Jennifer Jason Leigh) og Margot har ikkje det beste søskenforholdet, samtidig som dei har andre personlege problem å stri med. Noam Baumbach viste at kunne gjere dysfunksjonell familie til film med The Squid and the Whale, og prøver seg igjen her. Han har også bidratt i stor grad til manuset på The Life Aquatic with Steve Zissou av Wes Anderson som på sitt vis handlar om familie. Stjernene er på plass og det meste ser bra ut på papiret.

Så har det seg sånn at Margot at the Wedding blir litt enkel og behandlar temaet sitt for forsiktig. Humoren som eg forventa gjorde sjeldan meir enn å boble smått. Sjølv om filmen har sine flotte augneblinkar både her og i dramaet legg han seg nærare den anonyme middelvegen enn å trå til med sporsettande episodar som appellerer til kjenslene. Eg mislikte ingenting ved filmen, det er ikkje problemet, problemet er enkelt og greit at dette blir for forsiktig og det skjer for lite i lengda.

Margot at the Wedding 2007 plakat - Filmdagbok