Marie Antoinette

Film · 2006 · · 2. desember 2006
4/5

Den tredje filmen til Sofia Coppola er eit kostymedrama sett til Versailles i Frankrike. Basert på livet til Marie Antoinette, dronning av Frankrike ved Louis den 16. side.

Filmen skil seg litt i stilen frå andre kostymedrama med at han brukar populærmusikk frå vår tidsalder og uhøgtideleg dialog. Dette blir det som gjer at eg klarar å sjå filmen, for denne sjangeren har eg vanlegvis store problem med å følge. Til og med ein film som Casanova blir for slitsam for meg.

Marie Antoinette har mykje ved seg som går an å like. Det einaste negative eg kjem på er tempoet og lengda på filmen, som blir litt for svakt. Derimot er det nydeleg estetikk, i form av landskap og ikkje minst av eksteriør og interiør av Versailles. Kirsten Dunst er lett og ledig i rolla som Marie Antoinette sjølv, og er lett å godta her. Det kjem derimot meir fram at det er Sofia Coppola som gjer filmen enn det gjorde ved Lost in Translation, som Bill Murray skal ha mykje av æra for.

Det har nok kanskje med at filmen ikkje heilt har sokke inn her endå, for eg har ikkje spesielt mykje meir å skrive. Den umiddelbare kjensla etter er at dette er ein god film på så mange område, men som krev tolmod.

IMDb-logo
Marie Antoinette 2006 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land