Marriage Story

Film · 2019 · · 11. desember 2019
4/5

Marriage Story er ein film av Noah Baumbach som er lansert på Netflix. Det er eit familiedrama med Adam Driver og Scarlett Johansson, og handlinga går føre seg i New York og Los Angeles. Filmen handlar om skilsmisse.

Eg fekk ikkje med meg innleiingsvis at det var Noah Baumbach som stod bak filmen. Men i løpet av få sekundar etter at filmen var komme i gong, merka eg at dette ville bli ein god film. Ein detalje eg fort la merke til var at filmen ikkje var i høge- og breiddeformatet 16 : 9 som er typisk for Netflix, eller 1.85:1 som er vaneg på kino. Men heller i 1.66 : 1, som betyr at det er svarte strekar på høgre og venstre side av bilde. Det gav eit godt gammal preg av kinofilm, og gjorde meg bevisst på at dette var ein film der ting kom til å vere gjennomtenkt.

Det gode inntrykket sat eg med frå start til slutt. Dette er blant det beste av Noah Baumbach. Det er ein film som tar seg god tid til å fortelje ei historie som er både alvorleg og litt humoristisk i det absurde. Det er ein film der Adam Driver får plass til å skodespele med sitt kraftig nærvær, og det samtidig er plass til nok eit filmstjerne som får stråle i form av Scarlett Johansson.

Andre gledar eg får med Marriage Story er at Alan Alda dukkar opp. Ein skodespelar eg ikkje har sett på nokre år no, og som er ein av mine favorittskodespelarar gjennom tidene. Spesielt frå M*A*S*H.

Filmen varer i over to timar, utan at det blir for mykje. Det er fordi eg blir interessert i karakterane, og vil vite kva som skjer med dei. Og undervegs er det så mykje som skjer og som er viktig.

Dette er så bra at filmen går til toppen av lista over Netflix-filmar eg har sett.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Marriage Story 2019 plakat - Filmdagbok

Sjangrar