MASH

Film · 1970 · · 23. juli 2006
5/5

Eit godt eksempel på at krigen i Korea ikkje berre hadde negative sider, men har kunne danna grunnlaget for bakgrunnane til historiene i denne filmen. På lik linje, om ikkje betre enn Full Metal Jacket er dette ein av dei beste krigsfilmane eg har sett.

Sprø humor og god ironi, samt dissing så vondsinna at det er ein fryd å sjå på gjer to timar til ingenting. Og karakterar som Hawkeye (Donald Sutherland) og Trapper John (Elliott Gould) er tvers igjennom galne. Det er heller ikkje å legge skjul på at Hot Lips (Sally Kellerman) lyser opp i dei elles møkkete omgivnadane.

Filmen freista meg til å sjekke ut serien M*A*S*H, som eg aldri har følgt med på. Dessutan gir han meg trua på at det kan vere verdt å sjekke ut fleire av filmane til Robert Altman.

Eg kan og nemna at dette er ein film eg gjerne trur eg vil sjå igjen i ei ikkje så altfor fjern framtid.

IMDb-logo
MASH 1970 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Donald Sutherland (I)Elliott GouldTom Skerritt (I)Vis alle

Sjangrar

Land