M*A*S*H

Serie / 1972–1983
5/5

M*A*S*H er ein serie som ikkje trenger introduksjon. Serien kom til Noreg og NRK på 1980-talet, og har gått sin gang på TV 2 i seinare tid.

I USA gjekk serien mellom 1972–1983, og det vart laga totalt 251 episodar. Eit langt livsløp betyr ofte utskifting av skodespelarar, men både Alan Alda, Loretta Swit, Jamie Farr og William Christopher var med i alle elleve sesongane. Fleire av dei andre sentrale var med nesten like lenge.

Å sjå heile M*A*S*H har tatt meg mellom fem og seks år. Årsaka er at episodane er like og det er nødvendig med pause. Einsformig er eit for negativt ladd ord, men serien kan ærleg seiast å vere repeterande. Eksempelvis er det like mange vitsar om dårleg mat som det er talet på episodar, minst.

Det er nokon enkle grunnar til at M*A*S*H, alt i alt, er fantastisk. Krig og humor går godt i lag. Eller sjukehus og humor. På ei side er det alvorleg og dramatisk, på den andre er det komedie. Og komedien får ein mykje sterkare effekt av dette. Samtidig som det er godkjent på eit psykologisk plan som forsvarsmekanisme.

Eg har etablert at serien har både drama og komedie. I tillegg har serien sjel. Det er å ta litt hardt i, men det handlar om korleis M*A*S*H heile vegen er det eine og same. Om serien ikkje har realistisk tidsforløp, så har han minne som følger tida gjennom dei elleve åra han varte. Folk blir hugsa i ettertid, mens oppbygginga av episodane stort sett er frittståande og konstant.

Alt dette var ting som passa meg godt. Med M*A*S*H så visste eg kva eg fekk, og eg likte blandinga av det alvorlege og humoristiske. Tusen takk for serien.

M*A*S*H: 4077th Mobile Army Surgical Hospital Lokalitet: Uijeongbu, Sør-Korea. Tid: Koreakrigen (1950–1953).

I tillegg til dette har eg laga små portrett av nokon av dei sentrale karakterane i seien frå byrjinga av:

Captain Benjamin Franklin «Hawkeye» Pierce (Alan Alda) er midtpunktet i serien, eksellent lege som lik resten av gruppa er i Sør-Korea mot sin vilje. Har ein tendens til å bruke sarkasme og gi slengkommentarar i ytst alvorlege situasjonar. Dissing av overordna og legekollega Burns i operasjonsrommet er ved siden av martinidrikking det som tar opp brorparten av tida hans. Veit likevel kor grensa går og kan vere seriøs når det trengs, noko som er med på å gi karakteren djupn.

Captain John Francis Xavier «Trapper» McIntyre (Wayne Rogers) er Hawkeye sin teltkamerat og hjelpar i serien mellom første og tredje sesong. Han er minst like munnrapp som Hawkeye,, og minst like glad i å plage Burns og drikke martini. Trapper har kone og barn heime i statane, noko som ikkje hindrar han i å vere på vift med sjukepleiarane, men han leverer kanskje oftare si alvorlege side av seg i serien og framstår som mindre grensesprengande enn Hawkeye, sjølv om forskjellen sjeldan er den største.

Lt. Colonel Henry Braymore Blake (McLean Stevenson) er ein annan karakter som også forsvinn etter tredje sesong. Han er sjefen i 4077. Som dei to førre er han lege, glad i drikking, barskapet hans i offiserteltet tar sin plass. Blake er eit slags midtpunkt mellom Burns og Hawkeye, han likar ikkje papirarbeid, militære eller ansvaret sitt, og prøver stadig unngå den omfattande militærdisiplineringa til Burns som truar den overordna offiserrolla hans, samtidig som han i blant er nøydd til å vise seg som sjefen han er. Samspelet med Radar, dette kjem eg tilbake til straks, byr på nokon av dei mest fornøyelege episodane hans.

Corporal Walter Eugene «Radar» O'Reilly (Gary Burghoff) var også med i filmen serien byggjer på. Han er ein liten person som trekk i trådane då han har meir kontroll over leiren enn hans overordna, Blake. Nesten kvar gong Blake er i ferd med å stille eit spørsmål er Radar samtidig i ferd med å svare på det. Han har også usannsynleg stor appetitt til å vere så liten, er veldig blyg overfor kvinner, er glad i dyr, naiv og enkel for Hawkeye å manipulere. Serien kunne umogleg ha vore den same utan Radar.

Major Franklin Delano Marion Burns (Larry Linville) er ein karakter som er meint å mislikast, Hawkeye og Trapper rakkar alltid ned på han, fordi Burns alltid blir sur. Han er som ein liten unge, pliktoppfyllande og litt pysete. Han er også den verste legen i staben, mest på grunn av usikkerheita si som følger av nedrakkinga frå Hawkeye. Han er også ein av få som er stolt av å vere i militære og sender velvillig dagpengane sine tilbake i krigsfond. Burns er med andre ord ei viktig rolle for M*A*S*H han også, både på grunn av grinebitinga si og det skjulte kjærleiksforholet til Hot Lips.

Major Margaret J. «Hot Lips» Houlihan (Loretta Swit) er sjukepleiar og står på Burns si side i dei fleste kranglane med Hawkeye. Ho kan gå langt når det gjeld å forlange militær rettferd og byr sånn sett på større truslar enn Burns gjer åleine. Difor har ho mykje å sei når han og Hawkeye er midt i ein krangel, når ho gjerne avgjer han med å skifte til sida til Hawkeye til slutt. Som ein av få kvinner i militære er ho ofte utsett for grove peik, men skaparane av serien har vore så gode at ho i dei fleste tilfelle endar opp med fortent respekt. Ho har eit meir reflektert syn på saker, men blir i blant blinda litt av kjenslene sine og den patriotiske tankegangen sin.

Klinger og Father Mulcahy har dukka opp litt no og då hittil og blir etter kvart faste i M*A*S*H-gjengen, i lag med Potter og Hunnicut som dukkar opp i fjerde sesong.

M*A*S*H 1972-1983 plakat - Filmdagbok

Publisert

12. mars 2013 av

Merkelappar

M*A*S*H, CBS

Skapar

Larry Gelbart

Skodespelarar

Alan Alda, Loretta Swit, Jamie Farr, William Christopher, Harry Morgan, Gary Burghoff, Mike Farrell, Kellye Nakahara, David Ogden Stiers, Larry Linville

Sjangrar

Komedie, Drama, Krig

Land

USA

IMDb

IMDb-side om M*A*S*H