M*A*S*H': 30th Anniversary Reunion

Film · 2002 · · 13. mars 2013
3/5

30 år etter første sesong av M*A*S*H byrja som serie i USA, og 19 år etter serien blei avslutta, kom denne dokumentaren.

Med unntak av Larry Linville og McLean Stevenson er alle dei faste skodespelarane frå serien med.

Det er spesielt å sjå at folka har blitt 19 år eldre, berre eit par dagar etter å ha sett siste sesong av tv-serien. Men det er eit fint gjensyn, der alle har samla seg og det er god stemning blant dei. Artige historier blir delt. Årsakene til at enkelte skodespelarar slutta i serien blir det aldri snakka om.

Det blei ingen gjenforeining i 2012 som dei snakka om, men kanskje det blir ein seinare? Tida er i ferd med å renne ut for dei eldste av skodespelarane.

IMDb-logo
M*A*S*H': 30th Anniversary Reunion 2002 plakat - Filmdagbok