Master of None (2015–2017)

Serie / 14. mai 2017
4/5

Aziz Ansari og Alan Yangs Netflix-serie har foreløpig gått en sesong, og min midlertidige dom av serien er nesten utelukkande positiv etter ti episodar.

Master of None er ein komedie med Aziz Ansari i hovudrolla. Det handlar stort sett om hans karakters liv, episodane har eigne tema, men heng kronologisk saman. Det er ein serie full av poeng, og i mange av dei god humor. Han er skodespelar, stort sett i reklamefilmar, og har en fleksibel kvardag som gir serien rom for varierte og kortere historier. Det er romantikk i nokon av episodane, andre er meir lausrive frå den overordna historiearken.

Med tanke på stemning og tilnærminga til kvardagslege forhold kjem eg ikkje unna å samanlikne med serien Louie. Men Master of None gir inntrykk av å skape større avstand mellom Aziz som fiksjonelle Dev, enn Louis C.K. har til fiksjonelle Louie. Og serien Louie går også langt djupare i alvorlege episodar.

Etter første episode som for meg fungerte best som oppvarming, blei eg fort hekta på Master of None. Det tok likevel eit par episodar til før eg kan sei eg kom godt nok inn under huda på dei sentrale karakterane. Logisk nok ettersom dei første episodane varierer og bruker til på å introdusere miljøet rundt Dev. Eg får etter kvart stor sans for måten Dev og hans romantiske liv blir formidla. Dette er topp leveranse. Og måten serien tilpassar tidsrom til historie på, som du vil legge merke til om du ser Master of None, gjer det til meir enn den vante, langdryge seriestrukturerte romantikken.

Dommen etter første sesong er god. Skulle eg sei serien mangla noe så er det først og fremst meir alvor. Som komedie har dette lagt seg på en fin linje.

Master of None 2015-2017 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Netflix

Skaparar

Aziz Ansari, Alan Yang

Skodespelarar

Aziz Ansari, Eric Wareheim, Lena Waithe, Noël Wells, Kelvin Yu, Alessandra Mastronardi, Shoukath Ansari, Bobby Cannavale, H. Jon Benjamin, Todd Barry

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Master of None

Forfattar