Match Point

Film · 2005 · · 8. april 2006
4/5

Me møter Chris Wilton (Jonathan Rhys Meyers), ein ung og kjekk tennisinstruktør. Han har lagt proffkarrieren på hylla og lærer no andre å spele tennis. Kort tid etter han starta å jobbe ved eit eksklusivt klubbhus i London, møter han rikmannssonen Tom Hewett (Matthew Goode), som viser seg å ha ei pen søster, Chloe (Emily Mortimer). Chris utvikla eit forhold til Chloe, og er etter kort tid inngift i ein av dei velståande familiane i London. Med familien følger ein god jobb i svigerfaren si bedrift, og Chris ser ut til å ha alt.

Men så møter han Nola Rice (Scarlett Johansson), det vil sei, han møter Nola igjen. Tidlegare i filmen, mens Chris og Chloe framleis berre var trulova, møtte han Nola for første gang. Det var mens ho var trulova til Tom. Men no er situasjonen ein annan, Nola har ingen fast følge, og Chris har ingen problem med å ha eit forhold på sida.

Ut ifrå dette får me ei nervepirrande historie, der forhold heng i tynne trådar. Det er spennande, og Woody Allen endra måten me ser Chris på utover. Med dette meiner eg at ofte når du har med historier som omhandlar utruskap, så er iallfall eg van med å oppleve same skepsisen til kva den utru personen unnskyldar seg for heile tida, som det blir framstilt at ektefellen har overfor same personen.

Der blir sagt at dette er Woody Allen sin første verkeleg gode film på over et tiår. Ein påstand eg verken skal argumentere for eller i mot, ettersom eg ikkje har sett alle filmane hans. Det er også blir sagt at Woody Allen er tilbake på topp med denne filmen. Så vil eg få fram at dette ikkje er ein film av type Annie Hall eller Manhattan, som er den type film eg kjenner Woody Allen mest for.

Dialogane kan verke flate samanlikna med tidlegare filmar, så er det viktig å legge merke til at det meste her går føre seg på innsida. Mykje skjer på overflata og, og ting går til den grad så fort fram at det er ei lette når du endeleg får ein stopp i historia og møter litt kritiske spørsmål mot handlinga. Men at historia går fort er ikkje utelukka ei negativ sak, for det Match Point gjer er så enkelt som å spole i tid og hoppe over alt som ikkje har relevans. Slik blir det ikkje langdrygt, likevel om filmen er lang.

IMDb-logo
Match Point 2005 plakat - Filmdagbok