Matchmaker Santa

Film · 2012 · · 21. desember 2015
3/5

Lacey Chabert er personen eg har komme oftast tilbake til blant dei sette julefilmane i år. Og ei som eg forventar at spelar i greie julete tv-filmar. I denne Hallmark-filmen vil julenissen prøve å oppfylle eit ønske ei jente hadde som niåring.

Og sånn blir karakteren til Lacey Chabert og hennar kollega manipulert av julenissen til å bruke tid i lag i ein småby der folk er opptatt av jula. For det er ho som var den vesle jenta. Og det er dei som er meint å vere i lag.

Filmen er ei rekke tilfeldigheiter iscenesatt av julenissen, og byr på ei gradvis og trygg oppbygging til det som skal skje. Det er absolutt ein film for dei som ikkje likar at noko står på spel, men som forventar romantikk. Akkurat her set eg pris på å sleppe unødvendige komplikasjonar, og tykkjer at filmen har sin sjarm, sjølv om han også er svært tullete med heile julenissegreia.

Ein kurant julefilm, for å oppsummere kort. Lacey Chabert har utvilsamt sin sjarm, og her har ho også eit sett med kollegaer som ikkje trekk filmen ned i gjørma. Det kan fort skje i ein tv-film, så når det ikkje skjer er det alltid eit pluss.

IMDb-logo
Matchmaker Santa 2012 plakat - Filmdagbok