Maverick

Film · 1994 · · 8. mai 2005
4/5

Sidan eg tok meg tid til å finne ut så mykje som at dette var ein pokerfilm, har eg sett fram til å sjå han. Det er kanskje to år sidan, men eg har aldri gått så langt som til å kjøpe filmen, så det har teke si tid å få sett han.

Tingen med filmen er at han ikkje er så veldig prega av lange stunder med pokerspeling, men er meir bygd opp rundt ei historie om nokon som skal skaffe seg pengar til å kjøpe seg inn i eit stort spel.

Mel Gibson gjer ein fin jobb som Bret Maverick, og står som eit godt eksempel på kva roller eg likar å sjå han i. Jodie Foster er ikkje akkurat favorittskodespelaren min, men som Mrs. Bransford er ho nesten søt til og med.

Men så har jo Maverick fått nokre år på nakken.

Filmen er som ein westernkomedie skal vere, innhaldsrik på ulike karakterar, og elles full av fart og spenning.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Maverick 1994 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land