Max Payne

På topplista mi over spelopplevingar har både Max Payne og Max Payne 2: The Fall of Max Payne sentrale plasseringar.

Dette er eit skytespel i tredjeperson som eg har runda to gonger. Det byrjar å verta nokon år sidan, men eg hugsar opplevingane godt. Første gong spelte eg dette på min eigen pc, som strengt teke ikkje var god nok. Det var ei hakka oppleving, og svært vanskeleg, men eg runda spelet.

Så fekk eg høve til å spela dette hjå ein kamerat med ein betre pc, der det gjekk flytande som det skulle. Utfordringane var nokon færre då, men opplevinga var like god.

Det er historia, stemninga og det påfølgjande ubehagelege ved denne som gjev dette spelet ein ekstra dimensjon. Historieforteljing i spel kan vera viktig, og i dette tilfellet òg svært effektivt.

Max Payne 2001 plakat - Filmdagbok