Max Payne 3

Spelet Max Payne 3 kom ut ni år etter Max Payne 2: The Fall of Max Payne. Eg kan ikkje sei at eg har venta på det, men frå ryktet oppstod til spelet faktisk kom ut, var det tid til å bygge opp forventningar.

Max Payne 3 er ikkje utvikla av dei same dei førre spela er. Om dette er ei årsak til at spelopplevinga med dette spelet var ein del dårlegare, kan eg ikkje si meg heilt sikker om. Det har også gått ni år frå eg spelte Max Payne 2: The Fall of Max Payne til eg spelte dette, og mykje kan ha skjedd på den tida.

Eg trur at eit av problema til Max Payne 3 er historia, miljøet og stemninga. Det er eit spennande skytespel i tredjeperson, som har nok av utfordringar. Men det har ikkje den same mørke historia eller kalde bymiljøet som prega og i stor grad er dei førre spela.

Totalt sett kjem altså Max Payne 3 ut av det som ei kurant, men ikkje noko spesiell speloppleving.

Max Payne 3 2012 plakat - Filmdagbok

Publisert

28. juni 2012 av

Merkelapp

Max Payne

Skodespelarar

James McCaffrey (I), Julian Rebolledo, Frank Rodriguez, Benedita Pereira, Robert Montano, Dillon Porter, Shirley Rumierk, Babs Olusanmokun, Ubirajara de Castro, Marconi de MoraisVis alle 169 skodespelarar

Sjangrar

Action, Krim, Drama, Mysterium, Thriller

Land

Canada, Storbritannia, USA

IMDb

IMDb-side om Max Payne 3