Maximum Overdrive

Film · 1986 · · 18. juni 2016
2/5

Maximum Overdrive er den einaste filmen per dags dato Stephen King står for regien til. Mannen har elles fått ei stor mengde av sine historier filmatisert.

Emilio Estevez har hovudrolla og AC/DC har filmmusikken til denne saka om elektronikk og maskiner som blir levande, då jorda rører seg gjennom støvet etter ein spesiell komet.

Sjå på det som ein overdriven variant av Christine, som endar opp med å bli meir komisk enn skummel. Eg er usikker på kva intensjonen med filmen er, og kan ikkje helt avgjere om Stephen King lykkast med det han prøvde på, men filmen blir dømt nord og ned.

Maximum Overdrive har sine artige stunder, gode idear eller potensiale for å seie det fint. Utføringa er derimot slapp. Det er ingen av karakterane som eg bryr meg spesielt om. Og fleire av dei er irriterande dumme. Alt det andre tøvet kunne ha fungert hadde berre karakterane fungert.

Maximum Overdrive 1986 plakat - Filmdagbok