McCabe & Mrs. Miller
McCabe (Warren Beatty) rir inn til ein gruveby i gamle vesten. Han slår seg ned og startar ei forretningsdrift med prostituerte. Mrs. Miller (Julie Christie) kjem til byen og blir partneren hans, og forretninga går godt inntil eit større selskap vil kjøpe dei ut.
Dette er to timar kort oppsummert, men undervegs skjer det sjølvsagt ein heil del. I grunn er det avdekkinga av karakteren til McCabe, og etter kvart Mrs. Miller, som er interessant. Dei framstår først som typiske personar tatt frå ein typisk westernfilm, men utviklar seg i løpet av filmen til å bli fleirdimensjonale, der deira svake sider får følger i handlinga.
Med musikk av Leonard Cohen, snø, regn, skitne gater og skitne menneske er det lite å utsetje på stemninga. Eg blir fort med på notane. Historia som fortel om oppbygginga av ei forretning parallelt med at me blir kjent med McCabe og Mrs. Miller, er strukturert på ein tilfredsstillande måte. Gitt det dystre miljøet.

Regi
Manus
Skodespel
Warren Beatty • Julie Christie • Rene Auberjonois • William Devane • John Schuck • Corey Fischer • Bert Remsen • Shelley Duvall • Keith Carradine • Michael Murphy (I) • Antony Holland • Hugh Millais • Manfred Schulz (I) • Jace Van Der Veen • Jackie Crossland • Elizabeth Murphy • Carey Lee McKenzie • Thomas Hill (I) • Linda Sorensen (II) • Elisabeth Knight • Janet Wright • Maysie Hoy • Linda Kupecek • Jeremy Newson • Wayne Robson (I) • Jack Riley (II) • Robert Fortier (I) • Wayne Grace • Wes Taylor • Anne Cameron • Graeme Campbell (II) • J.S. Johnson • Joe Clarke • Harry Frazier • Edwin Collier • Terence Kelly (I) • Brantley Kearns • Don Francks • Rodney Gage • Lili Francks • Joan Tewkesbury • Harvey Lowe • Eric Schneider • Milos Zatovic • Claudine Melgrave • Derek Keurvorst • Alex Diakun • Gord Robertson • Jon Bankson • William Chu • Alan Davis (XVI) • Jimmy Eng • Barry Fowlie • Robert W. Hamelin • Terence Hill • Thomas Ho (II) • Ed Hong-Louie • Louanne Hong-Louie • Paul Lam • Po Lam Lau • Anne C.W. Luk • Bill Yui Seto • Barry Tam • John Tuck • Dale Wilson … Minimer … Vis alle