McFarland, USA

Film · 2015 · · 12. juli 2016
3/5

Ein amerikansk fotballtrenar blir sparka og må flytte til McFarland i California. Dette er hovudstaden til frukta, og ein stad med mange fruktplukkarar. Ikkje blant den rikaste delen av befolkninga, noko som pregar staden.

Jim White og familien hans er blant dei einaste kvite i byen, som for det meste består av meksikanarar. Jobben til White som assistenttrenar for det amerikanske fotballaget på skulen mister han fort, men han blir verande i posisjonen som lærer. Og for å kompensere for det sportslege fråværet i livet, gjer han ein innsats for å starte eit lag med løparar på skulen, då han ser at fleire av elevane har eit godt grunnlag.

McFarland, USA er basert på ei sann historie, og fortel om opphavet til eit av dei dyktigaste skulelaga i løping i USA dei siste tjue åra.

Sportsdrama og Kevin Costner er ein miks eg kan like. McFarland, USA er heller ikkje dårleg, men tar heller aldri helt av. Eg forventar eit djupare drama, men tykkjer at denne filmen fresar i veg på autopilot. Det hindrar meg i frå å la meg engasjere meir enn gjennomsnittleg.

McFarland, USA 2015 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Kevin CostnerRamiro Rodriguez (V)Carlos PrattsVis alle

Sjangrar

Land