McLintock!

Westernfilmen McLintock! med John Wayne i hovudrolla er ein finurleg sak med eit artig utfall. Plakaten seier mykje. Eit poeng eg får ut av filmen er at ris på baken får ei kvinne til å byte ut sinne med affeksjon.

Handlinga i filmen er meir enn som så. Og det er reisa, i ein film som er på kanten til å vere eit utdrag frå livet-type film, som utgjer den gode opplevinga. John Wayne spelar ein godseigar som har øvste posisjon i nærmiljøet. Ikkje ein offisiell posisjon, men han er mannen med midlane og evna til å halde forretningane i gong. Dette kan resten av lokalsamfunnet få glede av, i form av jobbar og moglegheita til å drive sine forretningar.

Me følgjer han gjennom ei rekke mindre episodar og ei større, som er tilbakekomsten av kona. Hadde ho fått viljen sin, så hadde dei vore skilt. Men han har sett foten ned. Når dottera deira er ferdig på college og kjem tilbake til garden, må kona også vere der om ho vil vere med dottera. Det er gammaldags, men filmen gjer humor ut av alvoret som var realiteten ein gong i tida.

Eg er ikkje einig i plakaten om at filmen er storslått, men han er storveges underhalding som fengslar meg i over to timar.

McLintock! 1963 plakat - Filmdagbok