Me and Earl and the Dying Girl

Film · 2015 · · 8. januar 2016
3/5

Me and Earl and the Dying Girl er ein av desse populære bøkene om ei jente med kreft som har vore store eit par år, no adaptert til formatet til filmen. Eg seier det på den måten, fordi samanlikning her gir eit godt bilde av kva denne filmen byr på, om du har sett noko liknande. Det er ei blanding av godt utført manipulasjon av kjensler, eit trist grunnlag og ein gjennomført håplaus tilstand med innspel av humor og raritet.

Vel utført skal det seiast. Og Me and Earl and the Dying Girl skal ha det at det er ein detaljfokusert og visuelt tiltrekkjande film som tydeleg viser visjonen til ein filminteressert skapar. Dette er eit pluss i boka for meg som filminteressert person.

Så kjem eg til poenget om det eg ikkje likte, og som eg var inne på. Den gjennomtrengjande triste vinklinga og det håplause poetiske. Det er lyspunkt i blant, og det er flotte stunder i desse. Og det er mest i det overordna eller den totale vurderinga, og ikkje minst i det siste kapitlet til filmen at det går nedover. Eg ser lett poenget med å skulle formidle noko anna enn ein lykkeleg slutt, men det betyr ikkje at eg treng å like det.

Min personlege smak innan film og serie har utvikla seg til å bli ein der eg set pris på positive formidlingar. Historier som evnar å sjå det flotte og lukkelege og drøyme om det beste. Eg er ikkje framand for at filmar kan vere triste, vise alvor og gjere oppmerksam på dårlege ting, om utført rett. Rett kan vere så mangt, og filmar så ulike, at det er nettopp ein av grunnane til at eg skriv om kvar film som sin eigen.

Me and Earl and the Dying Girl er for meg mest god, men også unødvendig trist.

Les også meldingar på filmfront.no (norsk) og thefilmstage.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Me and Earl and the Dying Girl 2015 plakat - Filmdagbok