Me and Orson Welles

Film · 2008 · · 25. mars 2011
3/5

Richard Linklater, ein utmerka filmskapar med ein imponerande filmografi. Det har blitt nokon halvhjerta filmar her og der, men det er stort sett filmar han berre har hatt regien på. Filmar der han har hatt ein finger med i spelet på manussida er både Slacker, Before Sunset og Before Sunrise, alle filmar av ypparste klasse.

Me and Orson Welles er ein av dei andre filmane, utan Richard Linklater på manussida. Det er ikkje nokon dårleg film fordi, men heller ikkje han sin beste.

Zac Efron spelar hovudrolla som me, eller Richard som han eigentleg heiter, ein 17-åring med stor interesse for kunst og kultur som bestemmer seg for å prøve livet som skodespelar. Han kjem inn i oppsetjinga Julius Caesar, ei moderne attforteljing av Orson Welles, spela av Christian McKay. Gjennom Richard får me eit innblikk i kven Orson Welles var.

McKay gjer ein storarta prestasjon i tolkinga av Orson Welles, og er med på å skape ei interesse for den tidlegare berømte produsenten, filmskaparen og skodespelaren. I all hovudsak er dette grunnen til å sjå denne filmen. Resten av gjengen framfor kamera leverer trygge framføringar, men det vesle ekstra manglar.

Filmen er nære ved å mane fram kjensla om å vere delaktig i eit samansett teatermiljø. Hadde han berre komme så nære innpå at eg ville ha sakna gjengen etter filmslutt, så hadde det vore nok til å heve han to hakk. Men det blir berre nesten.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Me and Orson Welles 2008 plakat - Filmdagbok