Me and You and Everyone We Know

Film · 2005 · · 31. mars 2006
3/5

Denne filmen omhandlar kunst, barnsleg uskyldigheit og sko. Iallfall verka det slik.

I utgangspunktet er det ikkje heilt lett å slå fast den eigentlege meininga bak filmen, for han kan til tider vere ganske så spesiell. Eller nokon vil kanskje sei sær. Men han er sær på ein god måte, med fantastisk rar musikk, og mange rare personar.

Dette verka som oppskrifta på ein prisvinnar, noko det nok er. Filmen har vunne 14 prisar og fått 5 nominasjonar sist eg sjekka. Men filmen er ikkje fullstendig på jordet når det gjeld å kunne sjå han, for han har ei kjærleikshistorie som kjem tydeleg fram. Det er når det gjeld kjenslene til folk eg må sjå litt nærare.

Av scener som eg kjem til å hugse filmen for, er blant anna den veldig unge Robby sine samtalar via Internett, både for det komiske, men også fordi det er veldig på kanten.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Me and You and Everyone We Know 2005 plakat - Filmdagbok