Me Before You

Film · 2016 · · 29. september 2016
3/5

Ein mann blir lam i ei bilulykke. Eit par år etter følger me ei ung kvinne då ho blir heimehjelpa hans.

Me Before You er ein film som prøver på så mangt. Mest av alt er det ein romantisk og morosam film, men han har også sine vanskelegare stunder og prøver å seie noko om personlegdommar bak det ytre.

Samtidig er det ein visuell film, kor til og med den lamme etter lengre tid framleis kan bli karakterisert som ein kjekk kar. Og ein film som legg alt tilrette for ein enkel framgang for historia, ved å la dei fleste omstenda vere enkle i seg sjølv. Eg tenker først og fremst på økonomien til familien til den lamme.

Det er motivasjonen til karakterane som er det vanskelege med Me Before You. Eg får aldri heilt taket på kva filmen står for, og kor han vil. Før heilt på slutten, då han iallfall seier noko bra om retten til å ta eigne val. Før det spør eg meg kvifor kvinna blir tiltrekt av mannen. Er stemma til filmen å seie at hindre kan bli overkomme?

Det betyr nok ikkje all verda. Det som betyr meir, og gjer større utslag i mi vurdering av filmen, er at kjærleikshistoria ikkje klikkar heilt. Bitane fell ikkje heilt på plass. Eg likar den kvinnelege karakteren. Den mannlege ser eg ingen interessante trekk ved, som han burde ha i ein film.

Som ei hyggeleg filmoppleving kan denne sjåast. Men sjå for eksempel til filmane basert på bøker av Nicholas Sparks om du skal ha noko meir gripande.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Me Before You 2016 plakat - Filmdagbok