Mean Creek

Film · 2004 · · 14. januar 2005
3/5

Når ei uskuldig hemn blir til ei grufull handling. Denne filmen gav meg halvveges ei dårleg kjensle.

Denne filmen verkar ikkje som ein dyr film, men la heller ikkje vekt på å gi eit bilde av å bruke billege effektar. Det som er vesentleg i denne filmen er historia. Eg vil ikkje skryte uhemma over ho, men det er ein seriøs film, ein type film eg ikkje har sett på ei god stund.

Filmen får godt fram at folk ofte ikkje heilt er den personen dei gir uttrykk for å vere, eller ikkje alltid kan noko for at dei er. Alt i alt ein god film for dei som klarar å sette pris på det.

Mean Creek 2004 plakat - Filmdagbok