Meet John Doe

Film · 1941 · · 11. september 2020
3/5

Frank Capra er ein regissør eg har hatt stor sans for lenge. Meet John Doe har stått på lista mi ei stund, og blei endeleg sett no.

Det handlar om ein journalist som får sparken. Som eit siste stunt skriv ho ein artikkel basert på eit sjølvmordsbrev frå ein oppdikta person som ho kallar John Doe. Artikkelen treff så godt at avisa ikkje vil sei ho opp likevel. Men då må ho finne ein mann som kan stå fram som John Doe.

Barbara Stanwyck spelar journalisten, og Gary Cooper spelar mannen som blir John Doe. Situasjonen dei og dei involverte rundt dei hamnar i blir eit stort fenomen med mange følger.

Meet John Doe er ein film med mange stemmer. Det handlar om å la seg kjøpe, og om å ha eigne prinsipp. Det handlar om ideologi, om politikaroppførsel og om media. Og om ein del meir.

Den tekniske kvaliteten på filmen via strøymetenesta eg såg han på var ikkje topp, og det prega litt av inntrykket mitt av filmen. Men utover det så traff nok ikkje denne så godt som dei beste andre filmane til Frank Capra for min del. Uansett så er eg glad for endeleg å ha sett han.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Meet John Doe 1941 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Gary Cooper (I)Barbara StanwyckEdward Arnold (I)Vis alle

Sjangrar

Land