Meet Me in St. Louis

Film · 1944 · · 6. desember 2011
4/5

Meet Me in St. Louis er ein musikal med Judy Garland. Handlinga i filmen er lagt over fire årstider, der høgdepunkta høyrer til vinterdelen og er lagt til juletider.

I familien Smith er dei glad i å synge. At St. Louis World Fair nærmar seg gir dei ein ekstra grunn til å synge, og temasongen med same namn som filmen blir stadig vekk nynna på. Filmen fortel historia om det flotte livet familien lev. Med fem ungar, to foreldre, ein bestefar og ei hushjelp er det nok av liv. For dei to eldste døtrene handlar det om å finne mannen i sitt liv, og for den yngste handlar det om å grave ned dokkene sine i hagen.

Undervegs svevar søte tonar i lufta, det blir dansa og litt romantikk er å finne under dempa belysning. Så tar historia ei lita vending, og filmen toppar seg rundt juletida. Eg avstår frå å røpe handlinga, men vil påpeike at det er elegant gjort. Den rolege filmenn kryp sakte, men sikkert under huda på meg første timen, så det som skjer sidan har god effekt.

Flotte songnummer og livleg stemning blir til ei god oppleving. Filmen blir aldri fantastisk, men det er ikkje så nøye.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Meet Me in St. Louis 1944 plakat - Filmdagbok