Meet the Fockers

Film · 2004 · · 29. mars 2005
3/5

Nok ein Ben Stiller-komedie. Ingenting er spesielt med denne, utanom det at han er kjedeleg. Eit par småbitar var faktisk ganske så artige. Sjølvsagt så måtte Owen Wilson dukke opp her, det er kult.

Når eg var ung, eller yngre, og såg på South Park, blei eg så påverka av at dei gjorde narr av Barbra Streisand at eg framleis sit igjen med negative tankar om dama, dette påverkar dessverre filmen i negativ retning, ettersom ho er ein av foreldra her. Men torer eg påstå at ho er meir oppegåande enn South Park-gjengen gav uttrykk for?

Faktisk er Focker-familien eit godt bilde på korleis ein familie bør vere opne med kvarandre, sjølv om det er overdrive her, og eg ikkje står for alle verdiane deira.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Meet the Fockers 2004 plakat - Filmdagbok