Mei ren yu

Film · 2016 · · 14. oktober 2016
3/5

Filmane til Stephen Chow har i løpet av åra for meg blitt synonymt med fargerike historier og spesialeffektar. Han vågar å fortelja seriøse historier med ville overdrivingar som verkemiddel. Ei artig blanding.

Mei ren yu tar eit av dei trendy tema frå notida, miljøvern, som han fortel om ved å bruke havfruer som offer. Heldigvis er det meir interessante ting, om enn like fantasifulle, som utgjer deler av historia, og det er ei spesiell kjærleikshistorie.

Ein utbyggjar truar eit havområde kor havfruene held til, og dei har bestemt seg for å drepe han. Ei ung kvinne får oppdraget, men blir undervegs forelska i mannen. Stort meir enn å seie at jobben ikkje går som planlagt treng eg vel ikkje gå inn på.

Fortrinnet til filmen er den modige bruken av spesialeffektar som ikkje nødvendigvis ser ekte ut, overdrivne karakterar, stereotypar, og tull og tøys. Minuset er at han kaster seg på ei miljøbølge og skal preike om slikt.

Engelsk tittel er The Mermaid.

Mei ren yu 2016 plakat - Filmdagbok