Meitantei Conan: 14 banme no target

Film · 1998 · · 26. februar 2014
3/5

Meitantei Conan er ein manga som har blitt til animeserie og film. I løpet av åra har eg sett og skrive om eit par av desse på Filmdagbok.

Denne filmen er den andre av i skrivande stund 17 filmar om Conan. Det har komme ein i året sidan 1997. Mens animeserien er inne i sin 36. sesong og held framleis på.

Bakhistoria er at den 16 år gamle detektivyndlingen Kudō Shinichi, eller Conan, har blitt dopa ned, og vaknar opp igjen ti år yngre. For at folka som gjorde det, som var ute etter å drepe han, ikkje skal oppdage at han framleis er i live, tar han eit nytt namn og latar som han er seks år. Berre eit lite tal på personar kjenner til dette.

Utan å gå vidare inn på resten av rollegalleriet kokar det ned til at Conan framleis løyser saker, men meir i bakgrunnen av gjengen med folk han heng med. Mangaen, serien og filmane er krimhistorier på klassisk vis. Noko kriminelt har skjedd, me møter nye folk, blir med på etterforskinga, og får servert fasiten på slutten. Akkurat som mykje av Arthur Conan Doyle og Agatha Christie.

Ettersom dette er anime er det også ein solid dose humor, originale og moderniserte vriar på den klassiske oppbygginga. Fornøyeleg etter min smak, utan å gå i minneboka som legendarisk.

Filmane eg har sett hittil har omtrent vore like underhaldande alle saman, og også denne går inn som ein heilt grei til god film.

Filmen heiter Case Closed: The Fourteenth Target på engelsk.

IMDb-logo
Meitantei Conan: 14 banme no target 1998 plakat - Filmdagbok