Meitantei Conan: Hitomi no naka no ansatsusha

Film · 2000 · · 3. desember 2013
3/5

Meitantei Conan: Hitomi no naka no ansatsusha er den fjerde filmen i ei lang rekke av filmar om barnedetektiven Conan.

Ein ukjent pistolmann er på frifot etter å ha drepe tre politimenn. Ran, som er ein kjenning av Conan, er vitne til eit forsøk på å drepe ein fjerde politimann. Men så mistar ho hugsa.

Mens alle prøver å få henne til å hugse, går Conan i gang med si etterforsking. Den primære metoden hans for dette er deduksjon. Ved å lære om dei drepne politimennene kjem han på rett spor.

Animasjonen i denne filmen er godt utført. Lite å utsette der. Historia er god, som ho ofte er med Meitantei Conan. Eit godt krimmysterium med ei lur løysing. I tillegg er det både humor og spenning her.

Både Conan og resten av karakterane er nokon fargeklattar som fungerer i film etter film. Dette er ein like god film som mange av dei andre, og gir meg lyst til å sjå fleire i framtida.

Filmen er kjent som Case Closed: Captured in Her Eyes på engelsk.

IMDb-logo
Meitantei Conan: Hitomi no naka no ansatsusha 2000 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Minami TakayamaWakana YamazakiKappei YamaguchiVis alle

Sjangrar

Land