Melinda and Melinda

Film · 2004 · · 18. mai 2009
4/5

Melinda and Melinda viste ein Woody Allen på veg tilbake mot toppen etter eit labert 1990-tal og rustent tidleg 2000-tal.

Will Ferrell viser at han taklar meir seriøs komedie her. Woody Allen får nytte fleire dyktige og leverande skodespelarar i si filmatiske utforsking av skilje mellom komedie og tragedie. Filmen fungerer godt som både standard fiksjonsfilm og eit levande fortalt samtaleemne som opningsscena indikerer at det heile er. For meg er ramma rundt, og denne studien av situasjonen til Melinda, det som gjer han til noko ekstra forutan eit romantisk drama og ein komedie, og får fram stemma til Woody Allen.

Filmen startar med fire personar på ein restaurant som sit og diskuterer på den kvikke Woody Allen-aktige filmsamtalemåten. Så går historia sin gang med Will Ferrell og forviklingar. Då filmen var ferdig sat eg igjen med kjensla over å ha sett ein heilt grei film, ikkje det beste eg har sett av filmskaparen. Personleg synst eg Anything Else var betre. Og filmtraileren bygde nok forventningane for høgt opp her.

Les også meldingar på filmfront.no (norsk) og www.eyeforfilm.co.uk (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Melinda and Melinda 2004 plakat - Filmdagbok