Memento

Film · 2000 · · 18. mars 2007
3/5

Før Christopher Nolan gjekk til blant anna Batman-filmane, lagde han denne distinkte filmen kor historia blir fortalt i omvendt kronologisk rekkefølge.

Det handlar om ein mann som har mista evna til å hugse nye ting. Det siste han hugsar er at kona er drepen. For å finne ut kven mordaren er må han oppsøke og notere seg trinn for trinn bakover i tid for at etterforskinga skal gå framover.

Hadde denne filmen plassert alle scenene i omvendt rekkefølge, så hadde det vore ein ganske så enkel og rett fram film. Det denne gjer er ved eit enkelt grep å skape ei stor interesse for historia. Ein spennande film røper sjeldan alt på ein gong, Memento går systematisk til verks og røper berre ein og ein del, og det fungerer godt.

Memento 2000 plakat - Filmdagbok