Memorîzu

Film / 1995
5/5

Memorîzu er ein av mine største filmfavorittar gjennom tidene. Det er eigentleg ein filmantologi, sett saman av tre animasjonsfilmar basert på manga av Katsuhiro Ôtomo: Magnetic Rose, Stink Bomb og Cannon Fodder.

Magnetic Rose går føre seg i verdsrommet i år 2092. Eit mannskap i eit romfartøy plukkar opp nødsignal og må utforske dette. Signalet stammer frå eit magnetisk område full av vrakdeler, og er eit risikabelt oppdrag. Under redningsoppdraget kjem dei til ei asteroideliknande samling av vrakgods, som på innsida verkar å vere eit mausoleum for ein tidlegare operasongerinne. I Magnetic Rose får me ei blanding av science fiction og mystikk. Den faktiske årsaka til det som skjer forblir ukjent. Klassisk musikk og operasong skapar ei både pen og skummel stemning. Filmen klokkar inn på 45 minuttar, men som med alle tre filmane så blir det opplevd som kortare på grunn av ei fengslande forteljing.

Stink Bomb er eit humoristisk innslag, men med ein snev av alvor i seg. Ein forkjølt fyr ved eit laboratorium for medisin har proppa i seg nettopp medisin mot forkjølinga. Det hjelp lite, og når han får nyss om at sjefen har nokon piller på kontoret så tar han dei også. Dei viser seg å vere eit biologisk våpen, og konsekvensen av at dei blandar seg med alt det andre fyren har hatt i seg, er ein katastrofe. Ein illeluktande, dødeleg og vidtomspennande katastrofe. Det hjelp lite at fyren ikkje skjønnar at han er årsaka då alle rundt han døyr. Stink Bomb er ein film til ettertanke. Men mest av alt er det fantasirikt, morosamt og tøft. Det er ei vill og spennande historie, som har både apokalypse og post-apokalypse i seg. Dette er min favoritt i Memorîzu.

Cannon Fodder er den mest politiske saka her. Det me får vite er at det handlar om ein nasjon som er i krig, og dei bruker kanonar til å kjempe mot ein fiende i ein by som kan flytte på seg. Alt handlar om kanonane. Familien me møter består av ein far som arbeidar med å avfyre ein kanon, mora jobbar på ein ammunisjonsfabrikk og sonen lærer om skyting på skulen. Me blir vist eit samfunn prega av propaganda og strenge reglar, og med generell historisk kunnskap kan det tenke seg til at kanskje fienden dei slåst mot er oppdikta. At alt handlar om å samle eit folk i ein diktatorisk eller militær stat under trusselen om ein felles fiende. Det er min tanke om saka. Cannon Fodder er vag sånn sett, og viser eigentleg berre ein dag i livet til denne familien. Det er eit drygt opplegg som er fascinerande å sjå på, og til dels både provoserande og gripande å følge med på.

Det er tre knallsterke filmar som utgjer Memorîzu. Og i lag blir totalen endå betre. Felles for desse tre er at dei er gripande filmar, og visuelt rike og omfattande. Med tanke på historiene er filmane svært ulike, og det er vanskeleg å finne fellesnemnarar. Kanskje er dei alle science fiction på sitt vis. Kanskje fortel dei alle om moglege destruktive utfall teknologi kan ha. Eg har ikkje gått etter meininga til Katsuhiro Ôtomoo i den grad at eg kjenner til poenget hans. For uavhengig av kva det er tykkjer eg at Memorîzu er ei knallbra sak, tredje gong og ti–femten år etter eg såg han første gangen.

Memorîzu 1995 plakat - Filmdagbok