Meryl: The Lifetime Biopic with Christina Applegate

Film · 2015 · · 13. mai 2016
3/5

Meryl: The Lifetime Biopic with Christina Applegate er ein kortfilm eller ei etterlikning av ein filmtrailer for ein oppdikta Lifetime-film om livet til skodespelaren Meryl Streep.

Christine Applegate gjer med vilje ei elendig rolle som Meryl Streep, i det som av forteljarstemma blir kalla grufullt skodespel i ein unødvendig film.

Det som er morosamt med denne er at han ikkje er morosam, og sidan han er kort går den an. Elles er ikkje dette noko meisterverk, og utan Christine Applegate hadde det ikkje vore sjåverdig heller.

Meryl: The Lifetime Biopic with Christina Applegate 2015 plakat - Filmdagbok