Metropolis

Film · 1927 · · 18. mai 2007
4/5

Ein mektig mann styrer byen, arbeidarklassen blir drive knallhardt. Son til kanskje den mektigaste mannen i byen finn ut kva harde metodar faren køyrer og vil gjere noko med det.

Metropolis er byen der maskiner gir det viktigaste arbeidet. Det er og ein by der misnøya for arbeidarsgivaren er stor og grensa arbeidarane treng noko å sjå fram til. Den mektige mannen, Fredersen, er derimot skeptisk til andre formar for aktivitet enn jobbing.

I 2001 blei Metropolis restaurert og tillagt eit nyinnspelt lydspor. Mange ulike versjonar har eksistert ettersom ein fjerdedel av filmen har forsvunne og filmen har blitt redigert om. Utgåva i The Masters of Cinema Series er så nær lik filmen som i 1927 hadde premiere. Bildefrekvensen er justert så rørslene blir mest mogleg naturlege og tapt foto har blitt erstatta med korte, forklarande tekstkort på skjermen. Så var det lydsporet. Den originale filmmusikken blei spelt inn på nytt i samband med restaureringa. Ingen ting å utsette på DVDen altså!

Lite har eg å utsette på sjølve filmen heller. Sjeldan ser eg stumfilm, så opplevinga har ekstra effekt. Å gjere seg forstått med oversminka ansikt for å framheve kjensler og kroppspråk for å få fram handling er ikkje mindre enn ein kunst.

Metropolis er gigantisk i målestokk, og kulissene er ein fryd for auge. Med sprø vitskapsmann, paranoid herskar, fridomstalarinna og arbeidarklassen på plass er det ingenting å utsette på hendingsforløpet. Det einaste problemet til ein to timer lang stumfilm er at orkestermusikken etter ei stund mistar litt av magien. Heldigvis repeterer ikkje filmen seg, men viser heile vegen kva han vil.

Metropolis 1927 plakat - Filmdagbok