Micke & Veronica

Micke & Veronica er ein svensk romantisk komedie om to vaksne med kvart sitt barn som møtes. Ho er sjukepleiar og i frå ein finare familie. Han er snikkar og seier at faren er død.

Dei møtes når han skal pusse opp kjøkenet hennar, og dei får ein god tone med felles humor frå første stund. Forholdet startar godt, men då dei skal på ferie i lag byrjar ting å skrante. Ungane deira likar ikkje kvarandre. Og dei opplever at ulike bakgrunnar blir eit hinder.

Micke & Veronica har visst ikkje fått den beste tilbakemeldinga av andre. Men eg meiner at denne treff godt. Han er vittig og rask på avtrekkaren med artige replikkar. Det er ein god balanse mellom humor som overraskar og humor som spelar på forventinga om at ting skal skjere seg. Filmen unngår å bli flau, noko eg set pris på. Og han stikk djupt nok til at me blir godt kjent med karakterane, ein annan ting eg set pris på.

Det er det at Micke & Veronica stikk seg noko spesielt ut. Han er ein enkel og solid film, og er kjekk å sjå når ein lett og ledig romantisk komedie er det du vil ha.

Micke & Veronica 2014 plakat - Filmdagbok