Mickey, Donald, Goofy: The Three Musketeers

Film · 2004 · · 1. januar 2021
3/5

I denne Disney-filmen frå tidleg 2000-tal følgjer me dei tre vennene Mikke Mus, Donald Duck og Langbein som musketerar. Utan at eg har så god kjennskap til forteljinga om dei tre muskterar, så forstår eg dette som ein film som gjer eit nummer ut av å vere ei fri tolking lausrive frå originalhistoria. Dette fordi Mikke Mus i byrjinga av filmen arvar ein hatt som er signert med namna til dei tre musketerane frå historia til Alexandre Dumas père.

I det som er ein fargerik og humoristisk film, med animasjon som skor seg på hardbarka teikneseriefysikk, er det Minni som må reddast. Svarte-Petter spelar ein utru undersått som vil gjere nytte av dronning Minnis naivitet. I sitt forsøk på å styrte ho og ta over sjølv, lar han Mikke, Donald og Langbein bli musketerar og Minnis livvakter. Slik at han enkelt kan utføre eit attentat mot ho, då dei burde vere udugelege i rollane sine.

Dette er litt over ein time med sprek teiknefilm som eg veit å setje pris på. Det er humoren i animasjonen og det morosame teite som er det beste her. Historia er litt tynn, men gjer nytten.

Mickey, Donald, Goofy: The Three Musketeers 2004 plakat - Filmdagbok