Mickey's Trailer

Film · 1938 · · 1. desember 2009
4/5

Mickey's Trailer er ein Disney-teiknefilm i kort format av god gammal årgang. Filmen er eit eksempel på det mest ypparlege av teiknefilmar med Donald Duck eller Mikke Mus frå tidlege år som eg hittil har sett.

Historia går ut på at Donald, Mikke og Langbein er på biltur med campingvogn. Alt frå håplaus køyring til uoppmerksame stunder gjer dette til ein tur som alltid er på kanten til katastrofe, og dette betyr høg underhaldningsverdi.

IMDb-logo
Mickey's Trailer 1938 plakat - Filmdagbok