Midnight at the Magnolia

Film · 2020 · · 9. desember 2020
4/5

Midnight at the Magnolia er ein budsjettsfilm frå MarVista. MarVista sine produksjonar hamnar gjerne på TV, på video og i blant på Hallmark. Så det er filmar som eg gjerne puttar i bås med det som tidlegare blei kalla tv-filmar. Mens landskapet er litt annleis i dag, då mange filmar kjem rett på strøyming.

Så med tanke på i kva rekke Midnight at the Magnolia er meint å føye seg blant filmar, så er det ein ganske så god film. Det handlar om to kollegaer som har vore venner sidan barndommen av, Jack og Maggie. Og utover å vidare plassere filmen i sjangeren romantisk komedie og drama, så er hovudtrekka i framhaldet til filmen ganske så opplagt.

Men vegen mot målet er fin, dramatisk, litt sår, variert på innhaldet og ganske så godt strukturert. Langt over all forventing i grunn. Frå første scene trur eg på vennskapen mellom Jack og Maggie, og denne kjemien tek filmen med seg heile vegen. Tiden er ikkje alltid med desse karakterane, og det at ting ikkje klaffar for dei og korleis dette blir brukt er ein av styrkane til filmen. Eg kan ikkje la vere å trekke fram Hallmark-filmen Sharing Christmas til samanlikning, ein annan julefilm eg nyleg har sett. Den har null kjemi og eit framhald som straks når toppen og flatar ut resten av filmen. Poenget mitt er at ein film ikkje treng å ha det største budsjettet for å lukkast, men eit godt manus må han ha. Og ein regissør som kan få fram det beste frå dyktige nok skodespelarar, og spesielt ein kjemi viss det er ein romantisk film.

Det er med bakgrunn i at Midnight at the Magnolia er ein julefilm på budsjett, meint å treffe fans av enkle romantisk komediar, eg forsvarer ei solid rangering denen gongen.

Les fleire meldingar på rogersmovienation.com og forstreamingoutloud.wordpress.com.
Midnight at the Magnolia 2020 plakat - Filmdagbok