Midnight Cowboy

Ein ung og naiv mann (Jon Voight) frå Texas reiser til New York for å leve livet som prostituert. Han ser for seg rike kvinner og god inntekt, men tilværet blir alt anna enn tenkt.

I New York møter han på ein snik og ein sjuk karakter (Dustin Hoffman), som blir den beste kameraten hans. I lag trassar dei fattigdom, kulde og eit skite bybilde. New York var prega av kriminalitet på den tida.

Midnight Cowboy fremmar eit ubehag, men har dei rette karakterane til å lose oss gjennom dette. I motsetning til ein del norske filmar frå 1970-talet som har eit tilsvarande ubehag, men ingen kvalitetar til å godskrive filmen med.

Ein morosam tanke som dukka opp mens eg såg filmen, var at den norske Hotel St. Pauli – ein av dei verste norske filmane nokon gong – også har ein cowboy som reiser til storbyen, men som skal finne ei hore, i staden for å bli det. Og som også møter ein uventa hard realitet på gata.

Tilbake til Midnight Cowboy, så er filmen langt unna å vere dårleg. Men det er ikkje ei historie som fenger meg heilt. Skodespel, visuelt uttrykk, musikk og framdrift er saker som er på plass, så teknisk sett er det ingenting å utsette på filmen. Det er mangelen på det store engasjementet for karakterane og historia som trekk ned.

Midnight Cowboy 1969 plakat - Filmdagbok