Midnight in Paris

Film · 2011 · · 28. juli 2011
4/5

Eit år utan ny film frå Woody Allen er ein nedtur. Heldigvis har ikkje dette skjedd sidan 1981. Midnight in Paris er den 45. filmen med Woody Allen i regissørstolen. Han viser ikkje nokon teikn på å gi seg endå.

Den suksessrike manusforfattaren Gil (Owen Wilson) er i Paris med si kommande kone Inez (Rachel McAdams). I ein periode av livet der han ønsker å gjere meir enn manusskriving, har han byrjar å skrive ei bok. Paris er draumebyen og til stor inspirasjon. Gil drøymer om ei tid då dette var den kulturelle hovudstaden for Ernest Hemingway, Pablo Picasso og F. Scott Fitzgerald. Etter ein fuktig fest ei natt stoppar ein taxi for den gatevandrande Gil og tar han med tilbake i tid til Paris slik det var på 1920-talet.

Skepsisen var til stades når kjente stordomar frå fortida dukka opp etter tidsreisa til Gil. For mange erfaringar med dårlege tidsreisefilmar har sett spor. Skepsisen gjekk fort over når det vart klart at dette framfor alt er ei reise i livet til Gil og ei opplysing av kven han er. Midnight in Paris viste evna til å fange med gripande dialogar som fremja både karakterar, historikk og Woody Allen sjølv.

Owen Wilson gjer ein solid jobb som Gil, ein karakter som på overflata kan verke enkel, men som Woody Allen gradvis transformerer til eit truverdig menneske. Owen Wilson har med seg andre kompetente skodespelarar som mellom anna Michael Sheen og Kathy Bates.

På ein skala frå original til god på å oppfylle sjangerkrav heller Midnight in Paris mot det siste. Han er gjennomført med stødig hand, med unntak for min personlege skepsis i byrjinga går tankane verken mot klokka eller slutten i det som er ein typisk Woody Allen-film og leverer der og då.

Det går mot stor begeistring for filmen i min favør, og eg har ingenting å utsetje på han. At han ikkje når heilt opp har simpelt hen å gjere med at han ikkje trakkar opp heilt nye spor, men rører seg trygt og godt innanfor kjente rammer.

Midnight in Paris 2011 plakat - Filmdagbok