Midnight Special (2016)

Film / 25. september 2016
3/5

I forkant av å sjå Midnight Special hadde eg ingen aning om kva dette var. Eg gjekk med blanke ark til ei vising av filmen på Cinemateket (offisiell nettside), og hadde knapt høyrt eit par ord om han. Det var berre ord som thriller og science fiction eg hadde i bakhovudet.

Opplevinga av Midnight Special hadde altså den fordelen at eg ikkje kunne freista å plassera bitar med kunnskap i forkant, og gjera meg opp eit inntrykk av gangen eller eventuelle spenningskurver og utfall. Dette er eit utgangspunkt eg gjerne ynskjer i forkant av ein film, men utan noko forkunnskap er det vanskeleg å avgjere om ein film er verd å sjå.

Utgangspunktet mitt før Midnight Special var nok med på å gjera filmen betre. Og det å sjå han på kino heva nok inntrykket mitt av filmen.

Det handlar om ein liten gut med nokre spesielle evner som vert gradvis avslørt for oss. Han er på flukt i lag med eit par vaksne. Politiet er etter dei. Nokre medlemmar frå ei sekt er òg ute etter guten. Evnene hans vert sett på som eit talerøyr frå guden som sekta tilber.

Det er i grunn passe spennande ei god stund. Filmen har òg ein del kjente skodespelarar. Det er positivt. Men sjølve tematikken er ikkje i båsen min, og det vert etter kvart litt drygt. Mot slutten sit eg òg med inntrykk av at mykje bruk av spesialeffektar kunne vore unngått, eller dosert annleis, for å underbygge historia.

Jeff Nichols har regissert gode filmar før, og gjer ein grei jobb her. Men det er ikkje heilt i gata mi, og dette vert nok ein film eg gløymer ut etter kvart.

Midnight Special 2016 plakat - Filmdagbok

Regi

Jeff Nichols (VI)

Manus

Jeff Nichols (VI)

Skodespelarar

Michael Shannon (V), Joel Edgerton, Kirsten Dunst, Adam Driver, Jaeden Lieberher, Bill Camp (I), Scott Haze, Sam Shepard, Paul Sparks, David Jensen (II)

Sjangrar

Drama, Eventyr, Science fiction, Thriller

Land

Hellas, USA

IMDb

IMDb-side om Midnight Special

Forfattar