Mighty Aphrodite

Film · 1995 · · 20. april 2008
3/5

Ein ganske grei film som travar i veg med Woody Allen i velkjent rolle, ein god dose humor og ei varm historie. Woody Allen spelar mannen med skurr i ekteskapet som tar ein prostituert som venn i en tyngre periode i livet, den prostituerte er ved sidan av å vere mora til den adopterte sonen hans ikkje særleg skarp, men eit godt motstykke til sportsjournalisten Woody Allen spelar.

Filmen er passe overflatisk sett opp mot dei meir sinnsdjupe filmane til Woody Allen. Han leverer lite av seg her forutan skodespelet sitt. Mangelen på substans gjer at eg sit igjen med lite etterpå, men det unngår å bli ein dårleg film på grunn av humoren og varmen. Mest synd er det at slutten kjem altfor forhasta og blir altfor snill sett i perspektiv av livskrisa sportsjournalisten eigentleg er i. Det er kanskje å forvente ein så enkel slutt når filmen elles ikkje er spesielt djup.

Mighty Aphrodite 1995 plakat - Filmdagbok