Mildred Pierce

Serie / 2011–2011
3/5

Eg har ikkje sett den første filmen, og kan ikkje samanlikne. Men eg vil anta at han er betre enn denne. For dette var noko midt på treet.

Serien strekk seg over fem episodar på til saman over fem timer. Lengda er den største svakheita. Dette kunne fint ha blitt trimma ned til under to timar, og vore ein god film eller mindre miniserie.

Produksjonen og skodespelet er godt. Det er i grunn lite å utsette på noko som helst her, bortsett frå alt som har med lengde, tempo, dosering, dødtid og så vidare å gjere. Og det held å skrape i overflata og gi seg med det, for eg kan ikkje anbefale å bruke så mykje tid på dette.

Mildred Pierce 2011-2011 plakat - Filmdagbok

Publisert

30. desember 2011 av

Merkelapp

HBO

Skapar

Todd Haynes

Skodespelarar

Kate Winslet, Brían F. O'Byrne, Melissa Leo, James Le Gros, Mare Winningham, Marin Ireland, Murphy Guyer, Guy Pearce, Diane Kagan, Christopher KoronVis alle 113 skodespelarar

Sjanger

Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Mildred Pierce