MILF

Den franske filmen MILF er ein lettkledd komedie om vaksne kvinner som blir sjekka opp av yngre menn. Det er mykje overfladisk ved filmen, men heldigvis også litt gjennomtenkt humor.

Det var tittelen som lokka å sjå filmen. Spørsmålet eg ville ha svar på var kva som kunne gøyme seg bak ein sånn tittelen når filmen var tilgjengeleg på Netflix. Og sjølv om dette på utsida kunne verke som ein film sitt svar på clickbait-tittel, så traff han godt med tematikken og innhaldet.

Ved sidan av å vere ein sommarflørt på litt over ein og ein halv time, tar MILF for seg både fordommar og kjærleik i tilknytting forholdet mellom kvinner over 40 år og menn rundt 20 år. Filmen vil ikkje vinne nokon plass på topplistene hjå meg for det minimale bidraget til ein seriøs tanke, men gjorde seg heilt fint som den franske komedien han er.

MILF 2018 plakat - Filmdagbok