Miller's Crossing

Film · 1990 · · 8. januar 2006
4/5

Miller's Crossing er langt frå den beste gangsterfilmen eg har sett, men noko må eg starte det nye året med. Det er eit godt forsøk på ei lur historie, det skal dei ha, men eg tykte ikkje at filmen lykkast i å halde interessa mi oppe.

Joel Coen og Ethan Coen veit nok kva dei driv med. Filmen er verken teknisk eller typisk dårleg. Men måten dei har fullført denne på vil for meg aldri nå høgt nok. Filmen er ikkje kjedeleg, men heller ikkje givande. Viss du vil ha ein bra gangster-film, så kan du sjå ein Martin Scorsese-film.

Miller's Crossing 1990 plakat - Filmdagbok