Min misunnelige frisør

Samanlikna med novella av Lars Saabye Christensen er filmen lysare og meir morosam, og har skytt inn fleire positive ting.

Eg kan hugse novella som ein veldig spesiell sak, som så mykje av det Lars Saabye Christensen skriv. Men eg kjem ikkje så tett på personane i denne filmen. Eit par plassar kjem likevel det uhyggelege med frisøren Frank fram gjennom Bjørn Sundquist. Om eg hadde lagt merke til dette viss eg ikkje hadde novella som bakgrunn frå tidlegare tvilar eg litt på.

Norsk film er ein luksus eg sjeldan unner meg sjølv, og har eit dårleg samanlikningsgrunnlag innan. Det er difor mange titlar eg har tilgode å sjå, neste i rekka blir Hawaii, Oslo.

Min misunnelige frisør 2004 plakat - Filmdagbok